Om Småfolk

Småfolk- bevare deg vel

Anette Lauareid Hovda og Anne Grethe Rullestad, to førskulelærarar med ein felles draum; starte eigen private barnehage, Som sagt så gjort. Småfolk barnehage starta opp i gamle Grønsad skule 2.august 2004. Me hadde då 18 barn og fire tilsette. 
Eigarane har heile vegen jobba dagleg i barnehagen. Dei starta opp med ein stor porsjon idealisme, og driv barnehagen framleis med den samme idealismen.

Småfolk blei fort eit populært tilbod i bygda, og skulen vart for liten. Det var difor på tide å realisera draum nr. 2; bygge heilt ny barnehage! I 2008 flytta me difor inn i eit heilt nytt og flott bygg på Nedre Grindheim. Der hadde me plass til 86 barn.

Barnetalet auka stadig og i 2014 hadde me ventelister. Me starta difor opp med byggeprosess nr to; tilbygget.
Dette stod ferdig i november 2015. 

I samband med byggeprosessen laga Haugesunds avis ein reportasje om oss. Den kan de sjå her

Me har valg å drive ein utradisjonell barnehage der barna blir delt opp i små aldersbestemte grupper. Dette gir oss eit unikt høve til å sjå og møte det enkelte barn.

Visjonen vår:
Barnehagen med dei gode forteljingane


Mål: 
Skape språkglede i barnehagen

Korleis gjer me det:
- Attfortel gullkorn/historiar til foreldra, barna og medarbeidarar.
- Felles songsamling kvar morgon/utvida samling ein gong i mnd.
- Samlingsstund gruppevis med eventyr og forteljing.
- Me les bøker- barnehagen har mange bøker, og me brukar biblioteket på Skakke.
- Bruk av rim og regler.
- Deler dagen vår med foreldra gjennom rapport på Vigilo.
- Brukar eit aktivt språk gjennom kvardagen, -prega av undring, stadfesting og engasjemang.

Dramatisering i barnehagen