Dyra våre

I Småfolk har me eit yrande dyreliv

I vårt berømte grisehus bur minigrisen vår «Elvis», samt ein heil flokk med høner, som forsyner oss med egg stort sett kvar dag! Det er stor stas for barna å bli med på det daglege stellet. Å sanke egg er ekstra stas.I tillegg har me Islandshesten "Embla", som bur heime på garden til Anette-sjef. Her har gruppene høve til å reise opp for å ri.Stell og kos med dyra skjer alltid under tilsyn av ein vaksen for at både barn og dyr får vera trygge.Ei undersøking har synt at barn som veks opp med dyr er flinkare til å uttrykka seg og har lettare for å få kontakt med andre enn barn i familiar utan dyr. Barn som veks opp med dyr, tilpassar seg i det heile betre sosialt, og dei lærer å visa kjensler som omsorg og kjærleik.


Det er spanande med dyra våre, synest denne trioen!

Hønene er ein naturleg del av kvardagen vår!

To små er med og tar fjosstellet!