Kurs

Ynskjer du kurs i barnehagen din? evt. ei omvisning i vår barnehage?

Ta kontakt for nærare informasjon om pris, tidspunkt, osv. Her er kursa me pr. i dag tilbyr:

Kurs til foreldremøter: 

Dagens barn blir morgondagens vaksne
Ynskjer du å forstå barnet ditt, og barnet sine kjensler betre? Foredraget vil ta føre seg viktigheita av å møte barn med ubetinga kjærleik, slik at dei kan få ein nær og kjærleg relasjon til seg sjølv- og dermed også til andre.

La barna få kjensla av at dei er verdifulle og kan få til det dei VIL! Du vil få tips og råd til korleis du kan møte barnet ditt på ein likeverdig men ikkje likestilt måte. Barna er avhengig av å ha vaksne som tar leiaransvaret på ein ærleg og kjærleg måte. På den måten vil barnet få ein sunn EQ (emosjonell intelligens). Og dermed vil dei gå vaksenlivet i møte med god bagasje i sekken. 

Kurs til personalmøter/planleggingsdagar:

Glade barn- barnehagen sitt ansvar
Barna treng vaksne som vil møta seg sjølv, og dermed andre med ubetinga kjærleik.
Eit foredrag om den viktige rolla barnehagetilsette har for å styrke barns emosjonelle intelligens.

Kurs og omvising i barnehagen:
Har du lyst å sjå og høyre korleis me arbeidar i Småfolk? Då er de velkomen til eit eige skreddarsydd opplegg her i barnehagen. 

Foredragshaldar:
Anette Lauareid Hovda.
Eigar og dagleg leiar av Småfolk barnehage, sidan 2004.
Har arbeida i barnehage og skule sidan 1995.
Er utdanna førskulelærar med fordjupning i organisasjon og leiing. Har også utdanning som relasjonspedagog og vil vera ferdig utdanna EQ-terapeut hausten 2018.

Circle of Security - foreldrerettleiingskurs:
Foreldrerettleiingskurset Circle of Security(COS), tryggleikssirkelen, vil gi dykk som foreldre verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gir og kva me kan gjera for å møte desse behova betre.

Målet med kurset er at barnet ditt får hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar me møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine. 

I kurset snakkar me om:

 Tryggleikssirkelen.
Tryggleikssirkelen hjelper oss til å sjå kva behov barna har for foreldra si støtte, både når dei utforskar verda og når dei opplev vanskelege kjensler.  

"Vera i saman" i tryggleikssirkelen.
Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldre. Samspelet er grunnleggjande for korleis barn utviklar trygg tilknytning kjenslemessig.      

Veientil tryggleik.
Korleis du er tilgjengeleg som forelder påverkar ditt barn sin måte å formidla kjensler og behov.    

Vanskelege situasjonar. 
Me vil gi dykk foreldre nokre reiskap til samspel mellom dykk og barna når situasjonen kjem ut av kontroll. Me ser på balansen mellom det å vera tydeleg og samstundes vera ein god forelder.   

Foreldra sine eigne erfaringar.
Nokre gonger har me vaksne erfaringer frå eiga fortid somgjer at reaksjonar i nåtid kan verte "større" enn naudsynt. Me vil gi dykk nokre reiskap til korleis de kan handtere dette.

Kven kan vera med? Foreldrerettleiingskurset er for foreldre med barnmellom 0-12 år. Kurset går over 8 kvelder, 1,5 time Kvar gong. Me ynskjer at båe foreldra er med på kurset. Det er plass til tre foreldrepar på kvart kurs, totalt seks personar. Dette kurset tilbyr me kun for Småfolk sine foreldre. Det er eit gratiskurs.

Kurshaldar:
Anne Grethe Rullestad.
Eigar av Småfolk barnehage, sidan 2004. Har arbeida i barnehage og skule sidan 1994.
Er utdanna førskulelærar og spesialpedagog. Har også utdanning som relasjonspedagog og vil vera ferdig utdanna EQ-terapeut hausten 2018.