EQ-barnehage

Småfolk- Norges fyrste EQ barnehage

Småfolk barnehage er den fyrste barnehagen i landet som vart ein EQ barnehage, inspirert av EQ-instituttet. EQ står for emosjonell intelligens. Dette er me svært stolt over.

91% av dei tilsette har tatt utdanninga EQ-kompetanse. I tillegg tek eigarane av barnehagen den 3 årige utdanninga som EQ-terapeut. Målsetjinga er at alle tilsette i Småfolk barnehage gjennomfører den ettårige utdanninga EQ-kompetanse.
Og me er svært nære målet. Til hausten startar den siste opp på utdanninga.

Kva er ein EQ-barnehage?
Å fremja barnas emosjonelle intelligens (EQ) for å styrke deira språkutvikling og relasjonskompetanse.

Målsetjing:
Gi barnehagetilsette høve til å få ein nær, kjærleg og slitesterk relasjon til seg sjølv, slik at dei kan skape ein tilsvarande relasjon til andre vaksne og barn.
Skape språkglede i barnehagekvardagen ved at dei vaksne har eit ikkje-dømmande menneskesyn, har eit rikt ordforråd for kjensler og snakkar eit konflikthemmande personleg språk.

Korleis gjer me det?:
- Møter barna på kjenslene deira
- let dei få vera sinte, lei seg, frustrert.
- Bruke personleg språk; eg ynskjer, eg føler, eg ser.
- Unngår; bør, skal, må- kven bestemmer at eg må kle meg?
- Gir barna ei forklaring bak ynskjene våre- kva er grunnen til at eg vil dette?
- Ber alltid om ein unnskyldning om eg har gjort ein feil.
-Dei vaksne har 100% ansvar for å skape dei gode relasjonane.
- Fokuserar på det som er bra.
- Respek- sjå ein gong til. Ting er ikkje alltid berre det eg ser.