Nettroll

La ossforvandle nettroll til lykketroll!

Nettroll er eit såra lite barn i ein vaksen kropp

Nettrollet er eit såralite barn i ein vaksen kropp

DEBATT: La oss forvandle nettroll til lykketroll!    

Anette Lauareid Hovda

Medeigar ogdagleg leiar i Småfolk barnehage AS

Nåreg les kommentarfelt som ergjennomsyra av hets og negativ ordlyd, så tenkjer eg at det er eit såra litebarn som skriv. Eit såra lite barn i ein vaksen kropp, som er blitt forvandlatil eit nettroll. Det er tydeleg at menneska bak desse innlegga har djupe sår ilivet sitt. Dei har det vanskeleg, tenkjer eg.

Egkjenner eg får umiddelbar empati med desse menneska. Eg kan velje å skrollevidare og ikkje la desse kommentarane sette seg fast. Men dei som skriv slikt,lever jo 24 timar med seg sjølv. I ein kropp med mykje frustrasjon og sinne,vil eg tru?

Eger ganske sikker på at den indre hetsen mot deisjølv er like stor, og kanskje større, som den ytre hetsen dei vel å uttrykkjemot andre. Ingen fortener slik hets, korkje den som angrip eller den som blirangripen.

Deter viktig å setje dette problemet på dagsorden. Ytringsfridom står svært sterkti landet vårt. Men fleire unngår å ytre seg i frykt for å bli angripen i eitkommentarfelt. Å ha nettaviser og sosiale medium som opnar for at folk kanengasjera seg i saker i kommentarfeltet, er i utgangspunktet heilt fantastisk.Men når såra vaksne set seg ned med tastaturet og lar all sin frustrasjon fåutløp gjennom dei verst tenkjelege ord og setningar, då er ikkje kommentarfeltaså fantastiske lenger.

 

Laoss brette opp ermene og gjere ein innsatsfor å redusere nettrolla. Korleis? Jo, eg vil utfordre næringslivet. Set temaetpå dagsorden ute i bedriftene. Mange av menneska bak dei negative kommentarane,er sikkert tilsett i ein bedrift. Og bedrifta er avhengig av positivitet og godlagånd for å kunne levere best mogeleg kvalitet til kunden.

Såkom an, gode kollegaer der ute i næringslivet: La oss arbeide for eit meirhjartevarmt samfunn, der me byggjer kvarandre opp. Vår stemme er viktig, og denvil skape endring. Og sjølvsagt det aller viktigaste: At me er gode førebilete,startar med oss sjølv og ser på eigne haldningar i møte med folk og kva vi gjerpå sosiale medium.

Egtenkjer at nettrolla treng å bli sett.Dei treng auga våre. Anerkjenninga vår. Dei treng å bli møtt med undring ogikkje dømming. Og dei treng nye verktøy i den stusslege verktøykassa si. Det erei investering i våre medarbeidarar som vil setje spor.

Laoss forvandle gråstein til gull, la oss forvandle nettroll til lykketroll!