Mat er viktig for små og store
Me fokuserar på sunt kosthald, og har difor eigen kokk som lagar sunn og næringsrike måltider til oss.
Her er det kokken vår har fokus på:
Ha god variasjon, god bruk av grønnsaker og at det ser godt og innbydande ut. Det er også viktig at det er lett å eta for dei små. Purè supper er veldig populært.
Me har fisk minst ein dag i veka, og her er det variasjon på farsemat og reine kjøtt/fiskeprodukt.
Det er god variasjon på tilbehøret som potet, ris, pasta, salat elle brød. Og det er god variasjon på sausar, smelta smør, stuingar og dressingar.
Me har supper og gryter 1-2 gonger i veka. Alle supper og gryter er hovudsakleg laga frå grunn med godt med grønnsaker i. Gulrot er ein soleklar favoritt blant barna, så den er alltid med i menyen. I tillegg så varierar ho med grønnsak nr. 2.
Kvar måndag og torsdag har me havregraut til frukost.
Om ettermiddagen har me fruktmåltid og skive. Skivene blir av og til bytta ut med havrelappar, grove vafler, etc.
Barna har favorittar i fruktfatet også. Kokken har fokus på at dette fatet er variert og godt. Så her blir det servert frukt som eple, banan, pære, druer, appelsin, melon, mango, kiwi, ananas m.m.