Småfolk barnehage

Velkommen til Småfolk barnehage

Småfolk barnehage er ein privat eigd barnehage, med 80 plassar til barn ifrå 0-6 år.

Me er ein PAPS barnehage- der hovudfokuset vårt er borna i små og aldersbestemte  grupper. På den måten får me betre tid til det enkelte born, og det pedagogiske opplegget er mykje enklare å tilrettelegge.

PAPS står for:

P- Pedagogisk organisasjon
A- Aldersbestemte grupper
P- På tvers, dei tilsette og borna har høve til å samarbeide på tvers av grupper når det har ein pedagogisk vinst
S- Små grupper

I 2008 flytta me inn i eit heilt nytt bygg, der lys og luft var stikkorda arkitekten fekk av oss. Bygget er og teikna ut ifrå barns interresser og utvikling, og me kan difor tilby borna ein spanande kvardag der dei får utfalde seg i desse romma:

Gymsal, formingsrom, sanserom, konstruksjonsrom, bibliotek, data/spelerom, snikkerbod, scene, grisehus med dyr + grupperom til kvar gruppe der dei kan trekke seg tilbake og ha samlingsstunder og tilrettelagte aktivitetar.
To grupper er ute heile dagen fire dagar i veka.

Me fokuserar og på sunt kosthald, og har difor eigen kokk som lagar sunn og næringsrike måltider til oss. Fire dagar i veka har me middag, 1-2 gonger i veka er det då fisk på menyen. Kokken vår har både norsk og fransk fagbrev, og borna som går i Småfolk er veldig flinke til å smake på alt dei blir servert.

Å tilbringe dagar i saman med born er ei stor glede for alle oss som arbeidar her. Ynskjer du ditt barn i Småfolk, så gler me oss til å få bli betre kjend med dykk, og tilbringe dagar i saman med DITT barn.

Velkomen til oss!